Vis meny
Alle nedlastbare

STEINGARDANE PÅ JÆREN

15.03.2012  |  9 min  |  NRK1



Steingardane på Jæren. 

Like etter BBC sitt naturprogram «Ei iskald verd», som har blitt mykje omtalt for sine unike bilete, sende NRK1 eit program om steingardane på Jæren sundag kveld. Også dette med unike bilete.

��" Eg trur knapt det har blitt tatt vakrare bilete av jærlandskapet enn det er gjort denne gongen, seier ein av programskaparane, John Skien.

Ei heil natt på nokre få sekund
Den dedikerte fotografen Tom Edvindsen har mellom anna vore to heile netter på Anda i Klepp.

Målet var å fanga månelyset som går opp og ned over steingarden i løpet av ei natt. Alt dette arbeidet ligg bak ein sekvens som berre varer nokre få sekund i det 15 minutt lange programmet.

Men det er ikkje berre spektakulære bilete ein får sjå i programmet. Steingardane på Jæren er metta på historier.

I uminnelege tider har bøndene på Jæren lødd opp stein på stein for å markera skilje mellom eigedommane. 
I dag set mange bønder si ære i å byggja nye steingardar med moderne maskiner og restaurera dei gamle nedslitne.

 Ein flott steingard er ennå eit adelsmerke på Jæren.



Trailer:

Serie

Glimt av Norge

Anbefalt for klassetrinn

1-13

Fag

Geografi, Geologi, Historie, Samfunnsfag

Utlånsnummer

A1020-5

Nøkkelord

jæren, steingarder, stein, kultur, skille, eiendom, bønder, arbeid, restaurere

Tilgjengelig som

› Nedlasting

Lån / kjøp via mobil er dessverre ikke mulig. Vennligst logg inn via vanlig nettleser.